Bakbergskyrkjo
    s21k17
    Bakbergskyrkjo heiter ei kløft i ein bratt fjellrygg austanfor Helgeland i Sandeid. Der skal det ha halde seg røvarar ein gong i gamle dagar. Inni er der mest som ei stove, men så mørkt at ein ikkje kan komma fram utan ljos. For nokre år sidan fann dei ein hovudskolt og dessutan eit kruthorn og nokre andre skytegreier.

    Språkleg omarbeidd av BB/NTØ


    Folkeminne frå Rogaland, andre bandet, samla av Torkell Mauland. Norsk folkeminnelag nr.26, Oslo 1931. Kristen K. Helgeland, Sandeid

    Kjeldetekst:
    Bakbergskyrkjo
    heiter ein klovning i ein bratt fjellrygg austanfyr Helgeland i Sandeid. Der skal ha halde seg røvarar ein gong i gamle dagar. Inni er der mest som ei stova, men so myrkt at ein ikkje kann koma fram utan ljos. Fyr nokre aar sidan fann dei ein hovudskolt og dertil eit kruthorn og nokre andre skjotegreidor.